Søk barnehageplass

Alle  som skal søkja om barnehageplass må gjera dette  via kommunens eigne sider. For å søkja barnehageplass i Valvatna FUS barnehage må du altså søkja via samordna opptak i din kommune. Du finn informasjon om korleis du søkjer barnehageplass i Valvatna FUS barnehage ved å klikka deg inn på kommunens nettsider. Det er felles søknadsskjema og søknadsfrist for alle barnehagar i Stord kommune.

Her er direkte link til kommunens barnehagesider: www.stord.kommune.no

Utanom hovudopptaket kan me, dersom me har ledige plassar, tilby barnehageplassar fortløpande. Barnehageplassane vil bli tildelt barn på ventelista i henhold til Valvatna FUS barnehages eigne vedtekter.

Dersom de har spørsmål angåande opptaket eller ventelista i barnehagen, ta kontakt med dagleg leiar.